laurdag 9. oktober 2010

Ingvild

Lat att auga, så skal eg syne deg eit bilete av veslesøstera mi. Ho er ei av dei kulaste jentene i gata, men ho er kul utan å vite det sjølv.
 
Ho tek på seg turkise gummistøvlar og pelslue, og drit i jenter som ler. Ho seier i frå når noko er gale, ho ler av seg sjølv og bryr seg om andre. Ho veit ikkje heilt om ho vil ha ein rik mann og yacht, eller ein middels rik mann og mykje lån, men ho vil uansett gå for kjærleiken. Ho seier til seg sjølv at "dette greier du", og så greier ho det alltid.

Tenk om ho hadde vore storesøstera mi då eg gjekk på ungdomskulen.   

1 attendemelding (-ar):

  1. Kanskje hun hadde en slik storesøster å se opp til selv? ;)

    SvarSlett